fbpx Landsbyen i havet søkjer sjukepleiar! | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Landsbyen i havet søkjer sjukepleiar!

Me søkjer etter sjukepleiar i 100% fast stilling, som har fagleg tyngde, godt humør og kan vera ein positiv kraft blant dei tilsette innan pleie og omsorg.

Pleie og omsorg omfattar både sjukeheim, heimesjukepleie, omsorgsbustader, heimehjelp, og PU-teneste. Fedje sjukeheim har tolv plassar, og me har eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Pleie og omsorg har ein godt etablert kultur for kontinuerleg kvalitetsforbetring, kompetanseutvikling og refleksjon. Vegen til avgjerdene er korte, og moglegheitene for påverknad er store.

Sjukepleiarane arbeider for tida i ein todelt turnus med beredskapsvakter knytt til seinvakt og kvar tredje helg. Jobben er utfordrande fagleg sett, då me både har eldre bebuarar, men også medisinsk oppfølging av andre grupper som treng behandling lokalt inkludert augeblikkeleg hjelp døgnseng (ØDH).

Arbeidsoppgåver (ikkje utfyllande):

  • Sjukepleiefaglege oppgåver på Fedje sjukeheim og heimetenesta
  • Planlegging og evaluering av tenesta
  • Bidra til sikring og utvikling av tenesta for å sikre brukarane sine behov, moglegheiter og rettar og for å sikre god ressursutnytting i Fedje kommune
  • Rettleiing i faglege og etiske utfordringar
  • Ansvarleg for at drifta vert gjennomført etter gjeldande kvalitetskrav og institusjonen sin visjon og målsetting

Kompetansekrav:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
  • norsk kunnskapar på min. nivå B1
  • Har sertifikat til personbil
  • Gyldig politiattest

Våre ynskjer om deg

  • Tør å ta ansvar, er positiv og løysingsorientert og likar å samarbeide
  • Du har forståing for at folk er ulike og viser tolmod og ro i omgang med brukar, pårørande og kollegaer
  • Ser verdien av å jobbe tverrfagleg
  • Er nysgjerrig på velferdsteknologi og kunnskapsbasert praksis
  • Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du heldt deg fagleg oppdatert
  • Du er oppteken av system og forbetring

Me tilbyr:

  • Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
  • Høve til å lære og utøve kunnskapsbasert sjukepleie, og delta aktivt i vidareutvikling av eit godt fagmiljø. Godt samarbeid og fagleg dialog på tvers av fag og einingar – me vil vere best på å vere små!
  • Særs god pensjonsordning gjennom KLP
  • Hjelp til å skaffe bustad  - eller me har overnattingsmoglegheit for deg som pendlar
  • Tre månader gratis bustad ved tilsetting
  • Moglegheit for tilrettelegging av turnus
  • Flyttegodtgjersle etter avtale
  • Gratis bruk av symjehall
  • Plass i god og trygg barnehage, eller nær oppfølging i ein liten og god skule
  • Kjekke kollegaer og det gode liv i landsbyen i havet!

Søknadsfrist 30.04.2023                                                                                                                   

Nærare opplysningar får ein ved å kontakte
pleie og omsorgsleiar Nadine Gutte-Preusse
på 56 16 51 42 / 468 46 011 eller
nadine.gutte-preusse@fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår!

Fedje kommune bilde

Annonse
Annonse