fbpx Administrerande direktør - Helse Møre og Romsdal HF | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Administrerande direktør - Helse Møre og Romsdal HF

Vi søker ein erfaren, samlande og tydeleg leiar som kan vise til stor gjennomføringsevne.

Du må evne å motivere for kontinuerleg forbetring / omstilling og det er særleg viktig å sørge for drift innanfor disponible økonomisk rammer samtidig som ressursane blir brukte slik at rette tenester blir prioriterte og alle funksjonar blir varetekne. Vi ser for oss at aktuelle søkarar gjerne har erfaring frå sektoren, høgare utdanning, relevant leiarerfaring og sterk motivasjon for samfunnsoppdraget. For å lykkast i ei slik krevande og spennande rolle må fleire av desse ønska mtp. utdanning, erfaring og personlege eigenskapar vere på plass:

  • Du har sterk motivasjon for samfunnsoppdraget.
  • Du evnar å samle ulike interessentar sine synspunkt og skape optimisme både internt og eksternt. Du kommuniserer godt og er i stand til å skape eit tillitsfullt samarbeid, også eksternt.
  • Du har stor evne til strategisk heilskapstenking; du må kunne balansere fagkunnskap, organisatorisk- /økonomisk forståing og samfunnsinnsikt.
  • Du bør ha høgare utdanning i kombinasjon med relevant erfaring og gjerne erfaring frå leiing på høgt nivå innan helsesektoren/sjukehusdrift.
  • Du bør ha god kunnskap om dei utfordringane sektoren står framfor og ha erfaring frå avgjerdsprosessar i offentleg sektor.
  • Du har leiarerfaring som gjer at du raskt kan byggje eit godt og tillitsfullt forhold til styret og organisasjonen elles.
  • Du veit korleis du skal lósa krevjande prosessar i hamn og har leiareigenskapar som gjer at du verkar trygg, kommuniserande og ansvarleg også i krevjande situasjonar. Du må i periodar tole stor arbeidsbelastning og tole å stå i krysspress.

For å fremje mangfald og variasjon blant våre tilsette ønsker vi å kome i kontakt med kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkarane vil i tilfelle bli førehandsvarsla om dette.

For ytterligare informasjon

Kontakt gjerne våre rådgivarar i Headvisor AS for ein uforpliktande samtale:

Lars Jakob Arnøy,
tlf. 907 69 045
lja@headvisor.no 

eller

Anders Bauge,
tlf. 901 56 249
ab@headvisor.no

Styret sin leiar, Ingve Theodorsen, kan også kontaktast på tlf. 908 26 512.

Alle førespurnadar før søknadsfristen blir behandla konfidensielt inntil anna er avtalt. Søknadsfrist er 15.06.2023

Helse Møre og Romsdal har om lag 6 500 tilsette og leverer tenester til om lag 265 000 innbyggjarar i Møre og Romsdal. Verksemda er fordelt mellom Ålesund sjukehus, Volda sjukehus, Molde sjukehus, Kristiansund sjukehus og fleire mindre institusjonar. Frå 2025 vil Molde og Kristiansund Sjukehus bli slått saman i det nye sjukehuset på Hjelset. Med dagkirurgi og poliklinikk i Kristiansund. Budsjettet for 2023 er på om lag 7,8 milliardar kroner.

Helse Møre og Romsdal HF har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Våre hovudoppgåver er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande.

Annonse
Annonse