Avdelingssjef

Rekrutterer
Helse Førde
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
12. september 2019
Frist
1. november 2019
Sektor
Helseforetak
Kategori
Leder, Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig stilling som avdelingssjef. Hovuddrifta er ved Førde sentralsjukehus. Det er i tillegg noko aktivitet ved poliklinikkar knytt til  Nordfjord og Lærdal sjukehus og Indre Sogn Psykiatrisenter i Sogndal. Om lag 25% av behandlingane vert i dag utført ved hjelp av telemedisin.  Det er i dag  3 overlege- og 2 LIS stillingar i avdelinga. 
  
Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal og er medlem i Medisinsk klinikk si leiargruppe. Helse Førde driv kontinuerleg  omstillingsarbeid der vi organiserer tenestene rundt pasienten (pasientens helseteneste). Dette medfører også vidare utvikling av hudavdelinga sitt tenestetilbod. 
 

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle tenestene i tråd med faglege behov og helseføretakes sine målsettingar
  • Syte for god kvalitet i all behandling med pasient i sentrum   
  • Ivareta heilskapleg leiing
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar
  • Syte for eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Ettersom avdelinga er liten er det ynskje om at avdelingssjef skal delta i pasientbehandlinga

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer søkjar med høgare utdanning innan fagområdet hud som evnar å vurdere utviklingsretning innanfor faget
  • Søkjar må beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd    

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon for leiaroppgåva
  • Strukturert, resultatorientert og beslutningsdyktig.
  • Evne til å tenkje heilskap
  • Endringsvilje
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning (KLP)
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling  
  • Leiarutviklingsprogram
  • Tilsettingsdato etter avtale  


Kontaktinformasjon 
Olav Hesjedal
Direktør Medisinsk klinikk
 (+47) 415 30 650

Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Norge