Avdelingsleiar for heimetenestane

Rekrutterer
Tokke kommune
Sted
Tokke, Telemark
Publisert
9. oktober 2019
Frist
29. oktober 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Leder, Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Frå 01.01.20 vil vår leiar i heimetenesta slutte, og det vil bli ledig ei  fast 100 %  stilling som avdelingsleiar for heimetenestane.  Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for heimetenesta i Tokke kommune. ID 644
 

Stillinga omfattar  fylgjande:

  • Hovudansvar for daglege drift heimesjukepleia, heimehjelp og heimevaktmeistar
  • Delegert personalansvar for heimetenesta sine  medarbeidarar
  • Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid
  • Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift
  • Delegert budsjett- og økonomiansvar for avdelinga
  • Tenesteutvikling
  • Kvalitetsarbeid
     

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.
  • Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer er ei fordel
  • Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
  • Personlig egnethet vil vektleggast
  • Lovkrav om politiattest

Tokke kommune har fokus på forebygging og mestring, og våre tilsatte er ei viktig ressurs for å lykkes med dette. Tenestane er under kontinuerlig tilpasning etter nye lovkrav og behov, og det stilles krav til løysningsorientering og kjennskap om kvalitet og leiing.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved Kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten, Ann Wraa, tlf. 35075200/970 21 422.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema for stilling som ein finn på www.tokke.kommune.no, ledige stillingar.

Søknadsfrist:  29. oktober 2019