Seksjonsleiar DPS dag - 2. gongs utlysing - Psykiatrisk Klinikk

Rekrutterer
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
11. april 2017
Frist
6. mai 2017
Sektor
Helseforetak
Kategori
Leder
Arbeidsfelt
Seksjonsleder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Seksjonsleiar ved DPS dag (poliklinikk) går over i anna stilling og vi søkjer no etter ny seksjonsleiar i 100% fast stilling frå 01.06.2017. 

DPS dag er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk som både har sentralsjukehusoppgåver innan psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), i tillegg til å vere eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. Avdelinga satsar på forsking og har fleire tilsette i doktorgradsløp. Totalt har Psykiatrisk klinikk i underkant av 200 årsverk. 

Seksjonen DPS dag har opptaksområde i Sunnfjord og Ytre Sogn med om lag 40 000 innbyggarar over 18 år, og har 30 tilsette med tverrfaglig bakgrunn. Poliklinikken har tilsette med høgskuleutdanning med relevant vidareutdanning, legar og psykologar. I periodar har vi psykolog- og medisinstudentar frå Universitetet i Bergen i praksis. Poliklinikkane våre ligg i Førde og Florø. 

Seksjonsleiar for DPS dag vil vere sentral i å drifte og utvikle vårt polikliniske og ambulante tilbod.

Arbeidsoppgåver

  • Einskapleg leiing etter vedtekne mål og strategiar for seksjonen, med fag-, personal og økonomiansvar, og i samsvar med Helse Førde sine prinsipp for leiing
  • Planlegge og vidareutvikle organisering og behandlingstilbod i samsvar med gjeldande lover, forskrifter, avtalar og styringsdokument
  • Samhandle på ein god måte med alle relevante samarbeidspartar internt og eksternt
  • Delta i leiarmøte og bidra til heilskapleg tenking og synergieffektar

Kvalifikasjonar

  • Relevant leiarerfaring, det er ønskjeleg med leiarutdanning
  • Helse-/sosialfaglig utdanning
  • Endringskompetanse
  • Erfaring frå psykisk helsearbeid
  • God kjennskap til spesialisthelsetenesta
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Helsefag, andre

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg på måla og arbeider aktivt for å nå desse
  • Du motiverer gjennom informasjon, involvering, rettleiing og tilbakemelding
  • Du er utviklingsorientert og legg til rette for kreativitet, kompetanseutvikling og nytenking
  • Du har evne til å be om råd
  • Du har evne til å sjå heilskapsløysingar

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktperson
Svein Ove Alisøy Avdelingssjef(+47) 57839470 - 91816510

Søknadsfrist 06.05.2017