Avdelingsleiar ved Gol helsetun, 100 % fast stilling

Rekrutterer
Sted
Gol (Kommune), Buskerud
Publisert
19. april 2017
Frist
10. mai 2017
Sektor
Kommune
Kategori
Leder, Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Beskrivelse

Gol helsetun er ein sjukeheim med har 32 plassar. Institusjonen er delt i to med kvar sin avdelingsleiar. Helse- og omsorgstenestene er for tida inne i ein spennande prosess der vi arbeider med ein framtidsretta organisering av tenestene. Det er fokus på kva sjukeheimen skal yte av framtidige tenester, med demensomsorg, korttid, avklaring, rehabilitering, palliasjon. Kommuneldelplan i helse og omsorg "Meistring i alle livets fasar", vart vedtatt av kommunestyret mars 2017.

Kommunane i Hallingdal har eit utstrakt samarbeid på mange område, og arbeider for å løyse nokon av utfordringane i samband med samhandlingsreforma i fellesskap. Vi har eit nært samarbeid med Hallingdal sjukestugu som er ein underavdeling av Ringerike sjukehus. Kommunens akutte døgnplassane er ved dei intermediære sengeplassane ved Hallingdal sjukestugu på Ål.

Gol kommune skal delta i eit framtidsretta pilotprosjekt om velferdsteknologi, lokalisering, digitalt tilsyn og medisindispenser.

Vi søkjer:

Ein avdelingsleiar som har lyst til å vera med på å skape eit godt fagmiljø der vi har fokus på pasienten og kontinuerleg utvikling av tenestene våre. Ein leiar som er engasjert, tydeleg, kan kommunisere godt og er ein lagspelar.

Kvalifikasjonar:

* Offentleg godkjent sjukepleiar
* Relevant tilleggsutdanning, helst leiarutdanning
* Leiareigenskapar
* Kunnskap om lov, avtaleverk og turnusplanlegging
* Kunnskap og forståing for dei ulike brukargrupper sine behov
* Gode IKT-kunnskapar

Arbeidsoppgåver:

" Sikre god rekruttering og eit godt arbeidsmiljø som gir utgangspunkt for fagleg og personleg utvikling for alle medarbeidarar
" Etablere og ta i vare god samhandling med samarbeidspartnarar på første - og andre-line nivå
* Leie verksemda i tråd med overordna planer og sørgje for at pålagte oppgåver skjer i samsvar med gjeldande faglege og rettslege rammer
* Sørgje for at eininga tek i vare sine primære oppgåver innan utgreiing, behandling, undervising og informasjon overfor pasientar og pårørande
* Sikre fagutvikling, forsking, og kvalitetssikring ved eininga
* Sikre rapportering, evaluering og strategisk initiativ knytt til aktivitetsmål

Vi tilbyr:

* Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
* Fagleg veiledning og moglegheit for vidareutdanning
* Tverrfagleg samarbeid og nettverksgrupper både internt og i Hallingdal
* God pensjonsordning
* Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:

Tilsetting etter lov og avtaleverk i kommunal sektor. Personleg avlønning
Avdelingsleiar er delegert det administrative og budsjettmessige ansvar for eininga i tillegg til personalansvar og fagleg ansvar. Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef og sit i leiargruppa for helse og omsorg.

Vi ynskjer at du:

* Har lyst til å være med å videreutvikle helse- og omsorgstenesten i Gol
* Er tydeleg, målretta og positiv, med gode evner til å kommunisere
* Har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver
* Er strukturert og prosessorientert med fokus på løysingar og resultat
* Har evne til dialog og samarbeid
* Har humør og kan inspirere, motivere og rettleie dei tilsette

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 

Anna:

Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er, eller har vore tilsett i Gol kommune har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. Vår ref. 242

Kontakt oss:

Helen Svensrud, Områdeleiar
Mobil 91 67 39 77

Aud Torill Sæbø, Kommunalsjef helse og omsorg
Mobil 91 67 39 48