Ledig stilling leiande helsesyster

Sted
Stryn (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
10. august 2017
Frist
2. september 2017
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Helsesøster
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Helsestasjonen i Stryn er samlokalisert med legetenesta i Stryn helsesenter. Helsesenteret flytta inn i nye lokaler våren 2017. Vi har i dag totalt 5 årsverk, med helsesystre, jordmor i heil stilling og sekretær i halv stilling.

Det er utekontor i Innvik . Helsestasjon for ungdom er etablert. Lege er knytt til helsestasjonen. I tillegg deltek turnuslege i arbeidet. Det er tett samarbeid med skular og barnehagar. Kommunen har etablert strukturerte system for tverrfagleg samarbeid både internt i kommunen og med BUP.

Leiande helsesyster har  helse- og sosialsjefen som næraste overordna og er del av leiargruppa i sektoren.

  Arbeidsområde:

  • Dagleg leiing og fagleg ansvarleg for verksemda ved helsestasjonen.

  • Personal- og budsjettansvar.

  • Deltaking i ordinære helsesysteroppgåver.

  • Utviklingsoppgåver ved helsestasjonen

  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Helsesyster, gjerne med ytterlegare vidareutdanning

  • Relevant erfaring

  • Leiarerfaring er ynskjeleg

  • Utviklingsorientert

  • Personlege føresetnader, god evne til kommunikasjon og samarbeid

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø

  • Utfordrande arbeid

  • Tenester i utvikling

  • Kompetansetiltak

  • God pensjonsordning

  

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjedande lover, tariffavtale og reglement

  • Lønn etter avtale

  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato

 

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

Om du ønskjer å reservere deg for offentleggjering i søkjarlista, jrf Offentleglova, må du ta kontakt med servicekontoret 57 87 47 00