Avdelingssjef - Medisinsk avdeling

5 dager igjen

Rekrutterer
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
8. september 2017
Frist
1. oktober 2017
Sektor
Helseforetak
Kategori
Leder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Medisinsk avdeling er ei av 10 avdelingar i Medisinsk klinikk. Avdelinga yt spesialisthelseteneste til alle indremedisinske fagområde for innbyggjarane i Sogn og Fjordane

Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal og er medlem i Medisinsk klinikk si leiargruppe. Avdelinga har seksjonar ved Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus. Totalt har avdelinga kring 245 tilsette, her av m.a. 50 legar og rundt 200 sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. 
Medisinsk avdeling tilbyr utgreiing og behandling innan dei indremedisinske fagområda hjarte, lunge, mage-tarm, nyre, infeksjon, hormon og geriatri. Dei tilsette er fordelte på 6 seksjonar ved Førde sjukehus (sengepost 1 og 2, dialyse, poliklinikk, legetenesta, akuttmottak ) og seksjonen på Nordfjord sjukehus (NSH) og Lærdal sjukehus (LSH). NSH og LSH har sengepost, poliklinikk og satelittdialyse. 

Ved FSS har legetenesta ei tredelt vaktordning med Turnuslege og LIS lege i tilstedevakt og overlege i tilkallingsvakt om natta. Ved LSH og NSH er det turnuslege og overlege. 

Helse Førde har starta eit omstillingsarbeid der vi organiserer tenestene rundt pasienten (pasientens helseteneste). Dette medfører også vidare utvikling av medisinsk avdeling sitt tenestetilbod og organisering. 

Oppstart i stilling etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta heilskapleg leiing
  • Utvikle tenestene i tråd med faglege behov og helseføretaket sine målsettingar
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar
  • Syte for eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer søkjar med helsefagleg bakgrunn og utdanning innan organisasjon og leiing.
  • Anna leiarkompetanse og erfaring frå komplekse organisasjonar kan vege opp for formell kompetanse.
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon for leiaroppgåva
  • Strukturert, resultatorientert og beslutningsdyktig. Evne til å tenkje heilskap
  • Strategisk
  • Endringsvilje
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til teamarbeid

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo:
Olav Hesjedal Direktør Medisinsk klinikk(+47) 57839882 - 41530650

Søknadsfrist:01.10.2017