Avdelingssjef - Hud avdeling

5 dager igjen

Rekrutterer
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
8. september 2017
Frist
1. oktober 2017
Sektor
Helseforetak
Kategori
Leder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig stilling som avdelingssjef. Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar der hovuddrifta er ved Førde sentralsjukehus. Avdelinga driv aktivt med telemedisin. Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal og er medlem i Medisinsk klinikk si leiargruppe. 

Oppstart i stilling etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle tenestene i tråd med faglege behov og helseføretaket sine målsettingar
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar
  • Syte for eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer søkjar med helsefagleg utdanning og utdanning innan organisasjon og leiing. Anna leiarkompetanse og erfaring frå komplekse organisasjonar kan vege opp for formell kompetanse.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Utdanningsretning:
  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Utdanningsnivå
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon for leiaroppgåva
  • Strukturert, resultatorientert og beslutningsdyktig. Evne til å tenkje heilskap
  • Strategisk
  • Endringsvilje
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til teamarbeid

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kontaktinfo
Olav Hesjeda Direktør Medisinsk klinikk(+47) 57839882 - 41530650