Sjukepleiar/fagarbeidar i område nord/Vossestrand på institusjon og i heimetenesta

Rekrutterer
Sted
Voss (Kommune), Hordaland
Publisert
14. november 2017
Frist
11. desember 2017
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast, Vikar
Arbeidstid
Deltid, Heltid, Turnus

nav

Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull. 
 

Me treng engasjerte og dyktige medarbeidarar hjå oss


Me har samorganisert teneste med sjukeheim, omsorgsbustader og heimetenester. Du får ein variert og spennande arbeidskvardag. 

Har fylgjande stillingar ledig:
100% fast stilling
80% fast stilling
50% fast stilling
50% fast stilling
75% stilling vikariat med mulig forlenging

Om arbeidsstaden


På Vossestrand Omsorgstun er det 26 pasientar fordelt på 3 avdelingar. Me har dagavdeling for heimebuande i Vossestrand området. Heimetenestene på Vossestrand har base på Omsorgstunet og personalet arbeidar ofte både på institusjonen og i heimetenestene.

Me tilbyr


arbeid i ein flott og tidsmessig institusjon
dyktige kollega
god opplæring og høve til fagleg utvikling
eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
ein trygg og god arbeidsstad
høve til å påverka din eigen arbeidskvardag og turnus
ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for faglig- og personleg utvikling
mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
særdeles gode forsikrings- og pensjonsordningar.
2 delt turnus med arbeid 3. kvar helg 

Sjukepleiarar får rekrutteringstilskot og arbeid 4. kvar helg

Me søkjer deg som


er sjukepleiar/fagarbeidar
er fleksibel
kan takle nye utfordringar
har kunnskap og lyst å arbeida med eldre og personar med hjelpebehov
har godt humør
har god samarbeids- og kommunikasjonsevne

Søknad


Kommunalavdelinga si målsetting er å levere tenester av god kvalitet gjennom kompetente medarbeidarar og
brukardeltaking. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved
elektronisk eller takast med ved evt. intervju. 

Søknadsfrist: 11.12.17

Arbeidsgiver: Voss kommune

Sted: Område Nord

Hentet fra: Kommuner-Visma

Se annonse

Lignende jobber

Lignende jobber