Sommarvikar sjukepleiar/hjelpepleiar/spl.stud - Kirurgisk Sengepost

Rekrutterer
Helse Førde
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
12. januar 2018
Frist
21. januar 2018
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Vikar
Arbeidstid
Turnus

nav

Kirurgisk/ØNH/auge sengepost, FSS, har ledige sommarvikariat for sjukepleiarar, hjelpepleiarar og sjukepleiestudentar i perioden 25. juni t.o.m 19.august 2018. 
Kirurgisk/ØNH/auge sengepost har 28 sengeplassar. Det er ei fagleg utfordrande, til tider hektisk avdeling med godt arbeidsmiljø. Avdelinga har fagfelta:gastro, urologi, kar-kirurgi, plastikkirurgi, noko endokrinkirurgi, ØNH og auge. 

Oppgje kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ynskjeleg. 
Stilling inneber arbeid i tredelt turnus. 

Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg 
Det krevst godkjend tuberkulinprøve

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til kirurgiske pasientar.
  • Administrering av medikament, i.v.væske, sondemat, perenteral ernæring.
  • Bruk av medisinsk teknisk utstyr som EKG-apparat, blærescanner, sprøytepumper og infusjonspumper.
  • Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med kommunehelsetenesta.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjer søkarar med erfaring innan pleiesektor.
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Utdanningsretning

  • Helsefagarbeider / Hjelpepleie
  • Sykepleie

Utdanningsnivå

  • Videregående skole
  • Høyskole / Universitet, årsstudie / grunnfag

Personlege Eigenskapar

  • Kompetanse, inkl personlege eigenskaper og erfaring vert vektlagt.
  • Vi vil gjerne ha ein medarbeider som har høg arbeidskapasitet, er fleksibel og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon, men som også kan jobbe sjølvstendig.
  • Du er interessert i fagleg utvikling og er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Andre opplysningar

  • Ingen reiseaktivitet

Kontaktinformasjon

Evelyn Stavang, Oversjukepleiar, (+47) 57839266

Arbeidsstad
 Førde

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]