Fagleiar for psykisk helseteneste

Sted
Øystre Slidre, Oppland
Publisert
4. juli 2018
Frist
29. juli 2018
Sektor
Kommune
Kategori
Leder
Arbeidsfelt
Fagleder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Øystre Slidre kommune ligg i Valdres. Lokalsamfunnet er i rask utvikling med reisemålet Beitostølen som motor. Beitostølen er inngangsport til Jotunheimen, med flott turterreng også om sommaren. Dei urbane tilboda på Beitostølen gjer Øystre Slidre meir attraktiv som bustadkommune. Kommunen har full barnehagedekning, god skule (to nye barneskular) og eit aktivt og variert kulturliv. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og i regionsenteret Fagernes.

Fagleiar for psykisk helseteneste

Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som fagleiar for psykisk helseteneste f.o.m. 11.09.18.

Ynskja kvalifikasjonar og eigenskapar for stillinga:

  • Helse- og sosialfagleg bachelor med relevant vidareutdanning innan psykisk helsearbeid/psykiatrisk sjukepleie eller anna relevant vidareutdanning. Det vil i tillegg vera ynskjeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring.
  • Søkjarar må ha klinisk erfaring og god fagleg innsikt for å kunne møte problemstillingane i fagområdet og drive fagutvikling i tråd med faglege tilrådingar
  • Må ha gode ferdigheiter i ulike dataverktøy
  • Interesse for faglege utfordringar
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstendigheit
  • Samarbeids- og løysningsorientert, med gode motivasjonsevner
  • Ynskje og vilje til eigenutvikling og utvikling av tenesta
  • Tydelege og gode kommunikasjonsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt ved tilsetjing

Arbeidsoppgåver

  • Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
  • Legge til rette for mestringsgrupper/gruppeaktivitet
  • Målretta tverrfagleg samarbeid internt og med våre samarbeidspartnerar
  • Delta i regionalt samarbeid / prosjektarbeid
  • Utarbeide og halde ajour rutinar
  • Individuell behandling / samtaleterapi
  • Kartlegging, vurdering og utredning
  • Legge til rette behandlingstiltak / terapi
  • Nettverksarbeid / familiearbeid
  • Pårøranderettleiing / pårørandestøtte
  • Ivareta barn som pårørande
  • Koordinator for ansvarsgrupper og individuelle planer

Vi kan tilby

  • Godt arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Offentleg tenestepensjon

Søkjar må ha sertifikat klasse B. Det er krav om politiattest i stillinga. Psykisk helseteneste i kommunen er ei teneste i utvikling, det kan difor bli endringar i arbeidsoppgåver.

Nærare opplysningar ved leiar for helseavdelinga Knut Sigbjørn Lien, tlf. 905 08 223 eller ved fagleiar Bente Margot Nøbben, tlf 971 69 038. Søknad merka med ”Arkivsak 18/1774  skal sendast elektronisk via våre internettsider: www.oystre-slidre.kommune.no – ledige stillingar.

Søknadsfrist 29. juli 2018