Ledig 3 sjukepleiarstillingar i nyoppretta vikarpool

5 dager igjen

Sted
Stryn (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
5. oktober 2018
Frist
22. november 2018
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Stryn kommune etablerar vikarpool i pleie og omsorgstenestene. I den forbindelse har vi ledig 3 x 100% stillingar for sjukepleiar frå 01.11.2018.

Stryn kommune er delt i to tenesteområder. Det er 2 stillingar ledig ved Stryn omsorgssenter og 1 stilling ledig ved Vikane omsorgssenter. Dei utlyste stillingane er definerte som faste vikarstillingar, der ein arbeider ved den avdelinga som til kvar tid har behov for å fylle opp vaktlistene. Arbeidet omfattar både institusjonsteneste, arbeid i heimesjukepleien samt arbeid hos personar med nedsett funksjonsevne. Det er difor viktig at du liker ein variert arbeidsdag med varierte arbeidsoppgåver. Stillingane er organisert i turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg.

Stillingane skal dekke opp for fråvær i dei fleste avdelingane innanfor det geografiske området dei er plassert, så vilje og evne til fleksibilitet vert sterkt vektlagt. Noko arbeid på tvers av områda må også påreknast.

Krav til stillinga:

  • Autorisert godkjent sjukepleiar, evt under utdanning 
  • Førarkort for bil og kan nytte eigen bil ved behov.
  • Må vere fleksibel og like ein variert arbeidskvardag.
  • Har gode evner til kommunikasjon og likar å samarbeide med andre

Vi kan tilby:

  • Særskilt godtgjering for stillingane
  • Gode pensjonsordningar
  • Spennande, mangfaldige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode muligheter for kompetanseutvikling

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

 Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Kontaktpersonar:
Oddhild Hilde  mob: 99610454

Søknadsfrist: 22.10.2018