Avdelingssjef for Kreft avdelinga

Rekrutterer
Helse Førde
Sted
Førde (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
11. oktober 2018
Frist
15. november 2018
Sektor
Helseforetak
Kategori
Leder
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,9 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal og er medlem i Medisinsk klinikk si leiargruppe. Avdelinga er lokalisert ved Førde Sentralsjukehus, men yt spesialisthelseteneste innanfor onkologi, hematologi og lindrande behandling innanfor Helse Førde sitt opptaksområde. Totalt har avdelinga kring 50 tilsette, herav 10 legar og 40 sjukepleiarar/helsefagarbeidarar. 
Kreftavdelinga tilbyr medikamentell kreftbehandling til pasientar med diagnostisert kreft innan m.a. mage-tarm, bryst, urinvegar, endokrinologi, musklar/skelett, mal.melanom. Utredning og medikamentell behandling av benigne og maligne blodsjukdommar. 
Avdelinga har også tilbud til pasientar som treng særskild form for lindrande behandling. 

Helse Førde har starta eit omstillingsarbeid der vi organiserer tenestene rundt pasienten (pasientens helseteneste). Dette medfører også vidare utvikling av kreftavdelinga sitt tenestetilbod og organisering

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta heilskapleg leiing
  • Leie og utvikle tenestene i tråd med faglege behov og helseføretaket sine målsettingar
  • Samhandle med interne og eksterne aktørar
  • Syte for eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer søkjar med høgare utdanning innan fagområda til kreftavdelinga
  • Erfaring frå arbeidsområda hematologi, onkologi eller lindrande behandling er ein føremon. I tillegg er utdanning innanfor administrasjon og leiing ynskt
  • Leiarkompetanse eller erfaring frå komplekse organisasjonar kan vege opp for formell kompetanse
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagd

Utdanningsretning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon for leiaroppgåva
  • Strukturert
  • Evne til å tenkje heilskap
  • Strategisk
  • Endringsvilje
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til teamarbeid

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning (KLP)
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram
  • Tilsettingsdato etter avtale

Kontaktinfo:
Olav Hesjedal Direktør Medisinsk klinikk (+47) 578 39 882 (+47) 415 30 650
Ingunn Solheim Terøy Kst. avdelingssjef (+47) 578 39 201 (+47) 992 35 501

Søknadsfrist 15.11.2018