Studiesjukepleiar - Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk

Rekrutterer
Helse Bergen
Sted
Bergen (Kommune), Hordaland
Publisert
30. oktober 2018
Frist
26. november 2018
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Engasjement
Arbeidstid
Deltid

nav

Ønskjer du varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar? Vi ønskjer å styrkje arbeidet med kliniske studia og lyser ut etter studiesjukepleiar i Kreftavdelinga. Vi har ledig tre 50% engasjement stillingar, 2 års varighet med tiltredelse frå snarast. 

Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane). 

Forskingsaktiviteten ved Kreftavdelinga er i stor grad driven som samarbeid med andre avdelingar og ofte også med andre institusjonar. 

Miljøet for kreftforsking globalt er svært omfattande og aktivt, og dertil også ressurskrevjande. Alle nasjonar med eit universitetsmiljø er med og bidrar i dette arbeidet. Verksemda er i stor grad retta mot grunnlagsforsking og klinisk bruk. Vanlegvis er forskingsgruppa leia av ein forskar med legeutdanning. 

Ved Haukeland universitetssjukehus vil ofte også det medisinske fysikkmiljøet bidra i forskingsgruppene.

Arbeidsoppgåver

  • Du vil samarbeide tett med andre studiesjukepleiarar i avdelinga, og i nært samarbeid med overlegar i avdelinga. Det er ønskjeleg at du har klinisk erfaring frå avdelinga og at du har erfaring frå arbeid med kliniske studiar. Vi ønskjer at den som vert tilsett arbeider resten av stillinga si i Kreftavdelinga. Om den som vert tilsett arbeider i avdelinga, vil det kunne verta ledig stilling som sjukepleiar i avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må meistre godt norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • Relevant erfaring innan Kreftsjukepleie
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Erfaring frå arbeid med kliniske studiar er ønskjeleg

Utdanningsretning

  • Sykepleie

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Evne til å ta sjølvstendige avgjersler
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du tilpassar deg lett, og er løysingsorientert og fleksibel

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Relevant opplæring

Kontaktinformasjon

Tone Bruland Neteland, Seksjonsleiar, 55973909, tone.bruland.neteland@helse-bergen.no

Arbeidsstad


 Bergen

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Lignende jobber

Lignende jobber