Intensivsjukepleiar - ØNH - oppvakning - Kirurgisk serviceklinikk

Rekrutterer
Helse Bergen
Sted
Bergen (Kommune), Hordaland
Publisert
31. oktober 2018
Frist
21. november 2018
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Intensivsykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

nav

ØNH - oppvakninga er ein del av utpostseksjonen ved Kirurgisk serviceklinikk. Vi er ein spesialavdeling som i hovudsak overvaker nyopererte pasientar frå hovud-hals klinikken (dagkirurgisk eining). Vi overvaker også pasientar som har hatt narkose til ulike undersøkingar. 

Vi er ein liten avdeling med 4,2 årsverk og 5 (6) sengeplassar. Vi tar imot rundt 1700-1800 pasientar i året, så i periodar kan det vere hektisk på avdelinga. Felles for alle pasientane våre er at dei vanlegvis skal reise heim operasjonsdagen, og liggetidene på oppvakninga varierer frå 1 til 3-4 timer. For pasientane kan det verke overveldande at så mykje skal skje på relativt kort tid, så evne til god kommunikasjon og å kunne formidle trygghet til pasientar/pårørande før heimreise er viktig for sjukepleiarane som jobbar hos oss. 

Pasientar som er planlagd for dagkirurgisk behandling er stort sett friskare enn på mange andre avdelingar ved sjukehuset, men tida umiddelbart etter ØNH - operasjonar kan likevel vere kritisk. Spesielt gjeld dette for barn.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til nyopererte barn og vaksne
  • Observasjon etter undersøkingar som krev narkose
  • Informasjon og tilrettelegging for pasientar som skal reise heim
  • Tett samarbeid med andre faggrupper
  • Samarbeid med sengepostar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie
  • Minimum 2 års relevant sjukehuserfaring. Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Grunnleggjande IKT-kompetanse

Utdanningsretning

  • Sykepleie videreutdanning

Utdanningsnivå

  • Videreutdanning / Tilleggsutdanning etter annen oppnådd grad
  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Pasientorientert. Evne til god og tydeleg kommunikasjon med pasientar og pårørande
  • Løysingsorientert
  • Du har evne til å ta sjølvstendige avgjerder
  • Du arbeider strukturert og nøyaktig, med høg grad av fagleg dedikasjon
  • Du arbeider godt i lag med andre og trivst når det er travelt

Vi tilbyr

  • Kompetanseutvikling med kompetanseplan/mål. God tid til fagleg oppdatering
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Dagtid: fri alle helgar, heilagdagar og høgtider
  • Fast sommarferie fire veker
  • Gode pensjonsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Kontaktinformasjon

Benedikte S Elter, Konstituert seksjonsleiar, 55972743/ 55977333, benedikte.svalland.elter@helse-bergen.no

Arbeidsstad


 Bergen

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]

Lignende jobber

Lignende jobber