Ferievikar sommaren 2019: Spesialsjukepleiar/sjukepleiar, Stord sjukehus

Rekrutterer
Helse Fonna
Sted
Stord (Kommune), Hordaland
Publisert
14. november 2018
Frist
13. januar 2019
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Vikar
Arbeidstid
Deltid, Heltid, Turnus

nav

Er du sjukepleiar på jakt etter sommarjobb? Likar du action og høg aktivitet? Eller er du meir opptatt av samtale og miljøterapi? Syns du beinbrot og operasjonssår er spennande? Eller likar du medisinsk detektivarbeid? Uansett kva utfordringar du likar best, har vi jobben for deg! 

I Helse Fonna jobber du i team med dyktige kollegaer rundt deg, frå ulike faggrupper. Du er aldri aleine på jobb, og vi har gode støttefunksjonar. Hos oss får du praktisere det du har lært under studiet; praktiske prosedyrar, utgreiing, testing, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid. 

Vi søker sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar (anestesi, operasjon, intensiv, jordmor) til ferieperioden som er veke 25-33. 

Skriv i søknaden kva einingar du ønsker å jobbe ved. Dette vil bli tatt omsyn til så langt det er mogeleg. Skriv i prioritert rekkefølgje kor du helst kan tenke deg å vere: 

- Medisinsk sengepost 
- Kirurgisk sengepost 
- Akuttmottak 
- Rehabilitering. 

Søker du stilling som spesialsjukepleiar (operasjon, anestesi, intensiv, jordmor), treng du ikkje skrive noko om ønskt avdeling. 

Er du spesialsjukepleiarar og søker jobb innan operasjon, anestesi, intensiv og jordmor treng ikkje føre opp avdeling. 

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no. 

 

Ved ellers like kvalifikasjonar vil sommarvikarane våre bli prioriterte til ledige vikariat utover hausten. Sommarjobb kan derfor vere eit viktig steg vidare i din sjukepleiarkarriere.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er mangfaldige og varierer med kor du arbeider.
  • Du får nytte dei kunnskapene som ligg i sjukepleiarfaget

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjarar med erfaring frå sjukehus vil bli prioriterte.

Utdanningsretning

  • Sykepleie

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Pasientorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Sjølvstendig
  • Du må like å arbeide i eit hektisk miljø med gode kollegaer

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæringsvakter
  • Ved ellers like kvalifikasjoner vil dei som har vore ferievikarar bli prioriterte ved tilsetting til hausten

Kontaktinformasjon

Inger Askeland, Rådgivar, (+47) 970 20 099

Arbeidsstad


 Stord


For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]