Sjukepleiar, 100 %, 80 % eller 50 % fast stilling

5 dager igjen

Rekrutterer
Gol kommune
Sted
Gol (Kommune), Buskerud
Publisert
16. november 2018
Frist
16. desember 2018
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Deltid, Heltid

Gol er ein kommune i Hallingdal med ca. 4.600 innbyggjarar. Vi kan by på gode moglegheiter for aktiv
fritid, både innan friluftsliv og kultur. Gol har eit koseleg og innbydande sentrum, som er eit knutepunkt i
Hallingdal og ein populær handleplass med mange og varierte butikkar. Kommunen har ny grunnskule
og ny fleirbrukshall, god barnehagedekning og eit variert skuletilbod innan vidaregåande skule.

Gol Helsetun er ein sjukeheim med 32 plassar for kort/rehabilitering- og langtidsplass, egen avdeling for personar med demens.Vi har dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse, og triveleg arbeidsmiljø. Stillingane er i turnus med dag- og
kveldsvakter og arbeid kvar 3. eller 4. helg med 13-timers vakter.

Vi samarbeider tett tverrfagleg med heimetenesta, lege, fysioterapeut, ergoterapeut og psykisk helseteneste for å få til eit
heilskapleg pasientforløp. Vi arbeider kontinuerlig med auka kvalitet i tenesta, fagutvikling og innovasjon, for å møte framtidas
behov.

Arbeidsoppgåver:

  • Vi arbeider etter primærkontaktsystemet
  • Dokumentasjonsoppgåver, legemiddelhandtering og utføring av medisinske forordningar
  • Utarbeiding og oppfølging av tiltaks-/pleieplaner
  • Opplæring og fagleg rettleiing av kollegaer
  • Rettleiing av elevar, lærlingar og studentar
  • Være med på implementere nye digitale og velferdsteknologiske løysningar

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Nasjonal norskprøve nivå 3
  • Fordel med erfaring frå geriatri, demens, kreftomsorg, palliasjon eller velferdsteknologi

Vi ynskjer at:

  • Du har god samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du er sjølvstendig og strukturert
  •  Du har gode kommunikasjons-, samarbeidsevner og er fleksibel
  • Du kan bruke IKT-verktøy, - vi har Gerica og Lifecare Mobil Pleie i heimetenesta
  • Du likar utfordringar og er fagleg fokusert
  • Du har fokus på nærvær og godt arbeidsmiljø
  • Du bidreg til fagleg og tverrfagleg samarbeid
  • Du har evne til å jobbe i miljø i omstilling

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Triveleg arbeidsplass med god opplæring, oppfølging med fadderordning og rettleiing
  • Varierte arbeidsoppgåver med moglegheit for å påverke og utvikle tenestene
  • Kurs, opplæring og relevant hospitering
  • Deltaking i fagleg forum
  • Støtte til relevant vidareutdanning
  • Konkurransedyktig løn med eit rekruttere/behalde tillegg på 25.000kr i året (v/100 % stilling)
  • Eit breitt spekter av utfordingar med pasientar i alle aldersgrupper og ulike hjelpebehov
  • Turnus arbeid kvar 3.eller 4. helg
  • Vi jobbar med utvikling av personsentrert omsorg og velferdsteknologi

Fin natur med gode turmoglegheiter

For stillinga gjeld:
* Tilsetting etter gjeldande lov og avtaleverk
* Pensjonsordning i KLP
* Arbeid dag og kveld, vi har eigne nattevakter

Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Anna:
Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.

Det er viktig at du fyller ut alle punkt under skule og utdanning. Det blir produsert ein CV på grunnlag av dei data du legg inn.
Du får berekna ansiennitet for all offentleg teneste, samt relevant privat teneste. Dersom du har vore heime med barn eller hatt
anna omsorgsarbeid må du fylle det inn som arbeidserfaring. Du kan få berekna inntil 3 år med ansiennitet for omsorgsarbeid.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal
verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at
opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand
slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
Gol kommune nytter elektronisk søknad, søknader som kjem på papir eller e-post vert returnert. Ved spørsmål knytta til
registrering av elektronisk søknad, kontakt Trine Eidsgaard via Tenestetorget 32029000.

Er du ny som søkjar til stilling i Gol kommune vel du "Registrere søker" for å opprette brukarnamn og passord. Søkjarar som er,
eller har vore tilsett i Gol kommune, har allereie eit brukarnamn. Dette er som regel namnet ditt, skrive med store bokstavar. For å
generere passord må du følgje instuksane du får når du trykker på "Glemt brukarnamn/passord", som du finn på nettsida der du
søkjer stilling. Du vil då få instruksar på din e-post i Gol kommune eller den e-posten du har oppgitt til Gol kommune.

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Søknadsfrist 16.12.2018

Søknadsfrist 16.12.2018
Utlyst dato 15.11.2018   
Vårref 337

Kontaktperson
Linda Muggerud Anderssen, Avdelingsleiar, mobil: 91673979