Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% fast stilling ved Psykiatrisk akuttmottak

Rekrutterer
Helse Bergen
Sted
Bergen (Kommune), Hordaland
Publisert
29. november 2018
Frist
20. desember 2018
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

nav

Sjukepleiar/Vernepleiar. 100% fast stilling ved Psykiatrisk akuttmottak (PAM2) i kombinasjon med Bemanningssenteret


Har DU lyst på en ny utfordring? 

Psykiatrisk klinikk, Avdeling PAM2 har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar/vernepleiar. 50% av stillinga er knytt til PAM2 medan 50% er knytt til Bemanningssenteret. 

Vi treng deg som har lyst på ein utfordring innan akuttpsykiatri. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa, oppfordrast menn om å søkje. 

Psykiatrisk klinikk består av tre avdelingar: psykiatrisk akuttmottak (PAM), avdeling for psykose og avdeling for stemningslidingar. 

Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønskjer behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. 

På sengepostane (PAM1/PAM2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsetjinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. 

Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved Avdeling PAM2. Ved ekstrabehov ved PAM2 vil du arbeide dei fleste av vaktene der.

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av pasientar saman med lege. Pasientoppfølging
  • Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
  • Planlegge og sette i verk miljøtiltak
  • Sjukepleiedokumentasjon
  • Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
  • Pårørandearbeid
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse

Utdanningsnivå

  • Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad

Personlege Eigenskapar

  • Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
  • Det er ønskjeleg at du er ansvarsbevisst og trivast i eit aktivt og travelt miljø, og at du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Interesse for sjukepleie som fag
  • Pasientorientert
  • Engasjert

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Medlemsskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Andre opplysningar

  • Ingen reiseaktivitet

Kontaktinformasjon

Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956422
Linda Greve Iversen, Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret, 97198664

Arbeidsstad


5021 Bergen

For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]