Ledig stilling for sjukepleiar på Aukra Omsorgssenter

5 dager igjen

Rekrutterer
Aukra kommune
Sted
Aukra (Kommune), Møre og Romsdal
Publisert
14. mars 2019
Frist
30. april 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

100% fast stilling  i heimetenesta pr tida på natt

100% x 2 faste stillingar institusjonstenesta

Aukra Omsorgssenter består av:

  • Langtidsplassar
  • Korttids, avlastning og rehabiliteringsplassar
  • 20 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
  • Funksjon som legevaktsatelitt

Einingane heimetenesta og institusjon har eit tett samarbeid, og ein forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel på dette.

Einingane har fokus på personorientert omsorg, og kvardagsmeistring for den einskilde. Bebuarane skal vere ein aktiv part så langt rå er, og sjølv få definere kva som er viktig i sin kvardag.

Pleie og omsorgstenesta skal vere med å utvikle tilbod om legevaktsatelitt, og sjukepleiar som blir tilsett er forventa å vere ein del av denne drifta.

Arbeidstid/turnus

Institusjonsdrifta har etablert nye arbeidstidsordningar som har som målsetting å skape best mogleg kvalitet i pleie og omsorg, då ein skal ha fagfolk på jobb sju dagar i veka. Pleie og omsorg har som målsetting å ha ei arbeidsgjevarpolitikk som legg til rette for heiltidskultur blant tilsette.
 

Krav til søkjarar

  • Fleksible og dyktige sjukepleiarar som vil være med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod for våre innbyggjarar.
  • Sjukepleiarar som er med på utvikling og tilpassing av tenestetilbodet ut frå endringar i samfunnet
  • Sjukepleiarar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga
  • Sjukepleiarar som tek god kommunikasjon og samhandling på alvor
  • Sjukepleiarar som er lojal til arbeidsplassen og er med på å byggje godt omdøme
  • God datakunnskap er ein føresetnad for god dokumentasjon i arbeidet som sjukepleiar  
  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk språk skriftleg og munnleg
  • Du må ha helse til å stå i ein fysisk og psykisk krevjande arbeidskvardag
  • Personleg eigna for stilling
  • Godkjend politiattest


Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø, der du må gje ditt bidrag inn.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kommunale tilsettingsvilkår
  • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.


Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.


Søkarliste

Om du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.


Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søknadsfrist 30. april

Kontaktperson

  • Siri Halvorsen, Einingsleiar institusjonstenester; 97645133, siri.halvorsen@aukra.kommune.no
     
  • Nina Tomren, Einingsleiar heimetenesta; 90602621, nina.tomren@aukra.kommune.no