Vil du kjenne pulsen av Sogn?

Utløper i dag

Sted
Balestrand (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
27. mars 2019
Frist
25. april 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

balestrand overskrift

No har du sjansen til å sikre deg ein actionprega sjukepleiarjobb.

Balestrand kommuen har to ledige sjukepleiarstillingar på 100 prosent, knytt til sjukeheimen og heimetenestene.

Balestrand er først i landet med å innføre ei ny satellitt – legevaktordning. Her blir du ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Du vil få tilbod om å vere med eit hospiteringsprogram i samarbeid med Helse Førde, får tett oppfølging og vidareutdanning. Stillingane er ledige frå 1. mai, og ordninga tek til 1. september. Vi byr på fleksibiltet og gode turnusar.

Balestrand ligg der Sognefjorden er på sitt breiaste. Fjella og fjorden byr opp til toppturar, pudder, kajakkpadling, fjellklatring, fjordfiske eller late dagar på bryggekanten.

Vi har kort veg til alt, moderne idrettsanlegg, levande kulturliv med kino og eit variert næringsliv. Balestrand er perfekt for deg med barn og unge i heimen, her er både barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Alt ligg langs same veg. Dagleg går det ekspressbussar til Oslo og ekspressbåtar til Bergen frå turistbygda midt i Sogn. Har du lyst til å ta pulsen av Balestrand, Sogn og Vestlandet, har du no sjansen.

For nærare opplysningar om stillingane, ta kontakt med Heidrun Grinde, tlf. 94 78 70 59.

For full utlysingstekst og søknadsskjema, sjå Balestrand kommune si heimeside http://www.balestrand.kommune.no.

Søknadsfrist: 12. mars 2019.