Ledige stillingar i helse- og omsorgsetaten i Tokke kommune

Rekrutterer
Tokke kommune
Sted
Tokke, Telemark
Publisert
11. april 2019
Frist
12. mai 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2225 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.
 

Tokke kommune lyser ut stillingar i helse og omsorgsetaten

Tokke kommune fortsetter å utvikle helse og omsorgstenestane. Vi søkjer nå etter nye kollegaer i fleire av våre avdelingar. Er du interessert i å vera med på å utvikla tenestane våre?   Då er du kanskje vår nye kollega!

Helseavdelinga lyser ut fyljande stillingar :

  • 100 % fast stilling som avdelingsleiar for helseavdelinga. ID 618

Søkjar må ha minimum helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse og relevant leiarerfaring.

Stillinga er ei del av kommunalsjefen sitt leiarteam.

Helseavdelinga omfattar legekontor, helsestasjon, psykisk helseteneste og fysio- ergoterapitenesta.

Stillinga omfattar fyljande:

  • Personalansvar
  • Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid
  • Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift
  • Delegert budsjett- og økonomiansvar for helseavdelinga
  • Tenesteutvikling
  • Kvalitetsarbeid
  • Hovudansvar for daglege drift på legekontor

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.
  • Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer
  • Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
  • Personlig egnethet  vil vektleggast

100 % fast stilling som helsesjukepleiar (helsesøster) ID 619

Stillinga er tillagt ordinær helsestasjons- og skolehelsetjeneste etter gjeldande lover og retningslinja.

Helsestasjons- og skulehelsetjenesten er for tida organisert i helse einhet og har ansvar for jordmor, helsestasjon, skulehelsetjenesta, smittevern og noe fysioterapi.  Me har også godt samarbeid med PPT, barnevern, skulene og psykisk helse i Tokke kommune med tanke på å arbeide helsefremmende, forebyggjande og med tidleg innsats.

Søkjar må vera offenteleg godkjend sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleier (helsesøster). ,gjerne med erfaring og praksis

Offentleg godkjend sjukepleiar med annen relevant kompetanse kombinert med personlig eigenskapar, vil også bli vurdert, men i forutsetnad av å ta vidareutdanning som helsesjukepleiar (helsesøster)Kjennskap til elektronisk pasientjournal i WinMed er ein fordel.

Tokke helsesenter – institusjon lyser ut fyljande stillingar:

  • 3 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar ID 624

Personale på Tokke helsesenter arbeider i årsturnus, dette gjer at ein kan lage seg ynskjeturnus for eit heilt år.

Heimetenesta lyser ut fyljande stillingar:

  • 100 % vikarstilling som offentleg godkjent  sjukepleiar  i vikarbank frå dags dato  til og med mars 2020  ID 623

Tokke kommune skal også utvikle dagaktivitetsavdelinga og søkjer difor etter:

  • 100 % prosjektstilling frå dags dato, som offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar gjerne med vidareutdanning innafor demens, rehabilitering eller geriatri  ID 627

Stillinga innebærer helgearbeid 3. kvar helg og strekker seg frå dags dato til mai 2020, med moglegheit til forlengelse.

For alle stillingar gjeld:

  • Du som søkjer skal  ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vera løysningsorientert, positiv og tolerant
  • Du skal like  å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vera   kunnskapssøkjande og har fagleg fokus
  • Vi legg vekt på personleg egnaheit
  • Politiattest må leverast før start i stilling.
  • Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår.

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn på www.tokke.kommune.no . Om du vil søkje på fleire av stillingane, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.

Det elektroniske søknadsskjema fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitenål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Offentleg godkjent sjukepleiar i Tokke kommune har lønn etter lokal lønnsstige med startlønn på kr. 406.700.

Tokke kommune er behjelpeleg til å skaffe bustad.

Ved interne omrokkering kan andre stillinger bli ledige.

Ved spørsmål ta kontakt med avdelingsleiar:

  • Helseavdelinga Marianne Skriudalen tlf: 350 75530/95783173
  • Institusjon Tokke helesesenter  og dagaktivitet  Ragna Iren Grave tlf: 35075531
  • Heimeitenestane Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35075521

Velkommen med din søknad!

Søknadsfrist: 12. mai 2019