Ledige sjukepleiarstillingar

Rekrutterer
Tokke kommune
Sted
Tokke, Telemark
Publisert
14. juni 2019
Frist
11. august 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Engasjement, Fast, Vikar
Arbeidstid
Heltid

Tokke helsesenter – institusjon lyser ut fyljande stillingar:

  • 2 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar ID 624
     
  • 100 % vikarstilling natt som offentleg godkjent sjukepleiar, i perioden 01.09.19 -01.09.20 ID 630
     

Personale på Tokke helsesenter arbeider i årsturnus, dette gjer at ein kan lage seg ynskjeturnus for eit heilt år.
 

Heimetenesta lyser ut fyljande stillingar:

  • 100 % vikarstilling som offentleg godkjent  sjukepleiar  i vikarbank frå dags dato  til og med mars 2020. ID 623

    Stillinga omfattar arbeid 3. kvar helg.


Tokke kommune skal også utvikle dagaktivitetsavdelinga og søkjer difor etter:

  • 100 % prosjektstilling frå dags dato, som offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar gjerne med vidareutdanning innafor demens, rehabilitering eller geriatri ID 627


For alle stillingar gjeld:

  • Du som søkjer skal  ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vera løysningsorientert, positiv og tolerant
  • Du skal like  å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vera   kunnskapssøkjande og har fagleg fokus
  • Vi legg vekt på personleg egnaheit
  • Politiattest må leggast frem. Denne må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
  • Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår.
  • Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn på www.tokke.kommune.no . Om du vil søkje fleire av stilllingane, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.
  • Det elektroniske søknadsskjemaet fyllast ut så fullstendig som mogleg.
  • Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
  • I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
  • Offentleg godkjent sjukepleiar i Tokke kommune har lønn etter lokal lønnsstige med startlønn på kr. 420.700. Tokke kommune er behjelpeleg til å skaffe bustad.
  • Ved intern omrokkering kan andre stillinger bli ledige. 


Ved spørsmål ta kontakt med avdelingsleiar:

  • Institusjon Tokke helesesenter  og dagaktivitet  Ragna Iren Grave tlf: 35075531
     
  • Heimeitenestane Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35075521

Velkommen med din søknad!

Søknadsfrist:  11. august 2019