Ledig stillingar for sjukepleiar, Eining for pleie- og omsorgstenester område Stryn

Utløper i dag

Sted
Stryn (Kommune), Sogn og Fjordane
Publisert
7. august 2019
Frist
22. august 2019
Sektor
Kommune
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Sykepleier
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Eining for pleie- og omsorgstenester område Stryn, har ledig fleire sjukepleiarstillingar. Stryn omsorgssenter har avdelingar med institusjonsplassar og omsorgsbustadar med heildøgnsomsorg i bufellesskap.

Det er ledig følgjande stillingar:

  • 100% fast stilling avdeling Kvisten, bufellesskap. Turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg

  • 75% vikariat i perioden 01.09.19 - 31.07.19 avdeling Lyngen, institusjon. Turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg

  • 100% vikariat i perioden 01.09.19 - 09.02.20, heimesjukepleien. Turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg

  • 80% vikariat i perioden 01.09.19 - 06.02.20 avdeling Symra, bufellesskap. Turnusarbeid med arbeid 3. kvar helg

Når du søkjer kan du gjerne oppgje kva stilling du ønskjer. Om det ikkje vert skrive noko, vert du vurdert til alle stillingane/vikariata.
 

Arbeidsområde:

Sjukepleiefagleg ansvar- og arbeidsoppgåver innan:

  • Pleie-, omsorg- og rehabilitering av eldre i institusjon og bufellesskap

  • Pleie-, omsorg- og rehabilitering av brukarar i brukar sin heim  

  

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Norsk autorisasjon som offentleg godkjent sjukepleiar.

  • Evne til å vise omsorg, empati og respekt

  • Samarbeidsevne

  • Datakunnskap

  • Førarkort for bil, disponere bil (gjeld stillinga i heimesjukepleien)

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

 

Vi kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø

  • Utfordrande arbeid

  • Tenester i utvikling

  • God pensjonsordning

     

For stillinga gjeld:

  • Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement

  • Lønn etter avtale

  • Den som vert tilsett må legge fram helse- og politiattest av ny dato

  • Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning  

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål kan alternativt sendast pr post (vil ikkje bli returnert)

Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf.  offentleglova §25. Dersom du ønskjer å reservere deg frå offentleg søkjarliste må du grunngje det i søknaden.

Tiltreding: 01.09.209


Kontaktpersonar:

Aslaug Håøy Nygård
tlf: 57876951

 

Heimeside:
stryn.kommune.no
Adresse:
Tonningsgata 4
6783 Stryn