Rådgivar/seniorrådgivar flyktning- og migrasjonshelse - Region- og mottaksavdelingen

Sted
Bergen (Kommune), Hordaland
Publisert
9. august 2019
Frist
20. august 2019
Sektor
Helseforetak
Kategori
Sykepleier
Arbeidsfelt
Rådgiver, Seniorrådgiver
Jobbtype
Fast
Arbeidstid
Heltid

Region- og mottaksavdelinga (RMA) har om lag 130 tilsette fordelte på UDIs hovudkontor i Oslo og dei fem regionkontora til avdelinga. Avdelinga er ansvarleg for drifta av statlege mottak for asylsøkjarar til Noreg, irekna tilkomstsenter og transittmottak. I mottakssystemet bur det for tida cirka 3000 personar fordelte på i underkant av 30 asylmottak spreidde over heile landet. Avdelinga har òg ansvaret for assistert retur og tilbakevending. 

Avdelinga søkjer no etter ein dyktig rådgivar/seniorrådgivar innan flyktning- og migrasjonshelse til Regionkontor Vest i Bergen. Kontoret har i dag elleve medarbeidarar og har ansvaret for å byggje opp og ned mottakskapasiteten i regionen, som dekkjer fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Regionkontoret samarbeider med kommunar, andre sektormyndigheiter (helse, barnevern, politi osv.), driftsoperatørane for mottak og mottaka. Kontoret har ansvaret for å følgje opp kontraktane med dei ulike asylmottaka i regionen, saksbehandlinga innan mottaksdrifta og har òg oppgåver på returfeltet. Regionkontoret er forventa å bidra til å utvikle kvaliteten og standarden på mottaksarbeidet i tillegg til å sikre ei god økonomiforvaltning på mottaksfeltet. 

Regionkontor Vest har i tillegg nasjonalt ansvar for å koordinere arbeidet avdelinga gjer med tilrettelagde avdelingar og særskilde bu- og omsorgsløysingar og sjukeheims- og institusjonsplassar for mottaksbebuarar. Regionkontoret har òg eit fagleg og koordinerande ansvar for det busetjingsførebuande arbeidet i mottaka. 

Rådgivaren/seniorrådgivaren rapporterer til regiondirektøren ved Regionkontor Vest og skal jobbe tett med tilsette på regionkontoret som er ansvarlege for å koordinere tilrettelagde avdelingar, særskild bu- og omsorgsløysing, institusjonsplassar og ekstraordinære driftstilskott. Rådgivaren/seniorrådgivaren skal òg samarbeide tett med RMAs fagstab og personell i dei andre regionkontora i Region- og mottaksavdelinga i UDI. 

Noka reising må påreknast

Rådgivaren/seniorrådgivaren skal

  • støtte medarbeidarane i Region- og mottaksavdelinga med avgjerder når det skal veljast mellom ulike butilbod og tenester basert på behova brukarane har for helse- og omsorgstenester
  • bidra med faglege vurderingar for å avklare grensesnittet mellom helse og omsorg i enkeltsaker og fremje sektoransvaret knytt til bebuarar i mottak som Regionkontor Vest har ansvaret for
  • ha dialog med helsepersonell i kommunar og spesialisthelsetenesta for å avklare sektoransvaret for enkeltbebuarar som Regionkontor Vest har ansvaret for, og i tillegg vere ein ressurs i arbeidet andre regionkontor gjer overfor lokalt helsestell
  • hjelpe til slik at enkeltbrukarar får oppfylt helserettane sine og får den riktige helseoppfølginga frå sektormyndigheiter og leverandørar 
  • bidra med vurderingar i samband med ordningar for assistert retur for enkeltpersonar ved behov, spesielt gjeld det for personar i tilrettelagde avdelingar, institusjonar og særskild bu- og omsorgsløysing
  • rettleie og lære opp personell på tvers av RMA og driftsoperatør/mottak i sektoransvar og helserettar, i samarbeid med fagstaben i Region- og mottaksavdelinga
  • utføre saksbehandling knytt til enkeltsaker innanfor ansvarsområda til Regionkontor Vest

Kvalifikasjonskrav

 Vi leiter etter deg  

  • som har minimum treårig helsefagleg høgskole- eller universitetsutdanning (f.eks. sjukepleiar – gjerne psykiatrisk sjukepleiar – eller lege)
  • som har god organisasjonsforståing av helsevesenet og helseforvaltninga på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå
  • som har relevant arbeidserfaring. Relevant arbeidserfaring vil få stor vekt.  
  • som fortrinnsvis har saksbehandlingskompetanse
  • som vi ønskjer at har erfaring frå fylkeslegen eller kommunale helsetenester eller forvaltningseiningar
  • som helst har kjennskap til utlendingsforvaltninga og til flyktning- og migrasjonshelse
  • som vi ønskjer at har erfaring frå rettleiings- og formidlingsarbeid
  • som beherskar norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

 Vi ønskjer oss ein kollega som

  • har evne til å samarbeide og byggje gode relasjonar
  • har evne til å tenkje analytisk og jobbe strukturert og systematisk mot avtalte mål
  • er nytenkjande, med evne til å komme fram til gode løysingar for å fremje sektoransvaret, forbetre tenestene til brukarane og forvalte UDIs ressursar på ein effektiv måte
  • har gode kommunikasjons- og formidlingsferdigheiter

At vår nye kollega er personleg eigna til jobben, vil få stor vekt. 

Vi tilbyr

  • ei spennande rolle som vil innebere samarbeid på tvers av einingar i Region- og mottaksavdelinga og eksternt med UDIs leverandørar og offentlege aktørar
  • ei verksemd med eit av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg, som er prega av høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar
  • ei stilling som blir lønt som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet 449 300 til 615 900 kroner brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring.

Utlendingsdirektoratet er oppteke av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søkje til oss, uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. UDI er ei IA-verksemd, og vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

I samsvar med offentleglova kan ein søkjar bli offentleggjord sjølv om han/ho har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Vedkommande blir i så fall varsla.

Søkjarar som er borgarar av land som ikkje er medlem av EØS, vil bli bedne om å samtykkje til innsyn i eiga utlendingssak dersom dei blir innkalla til intervju.

Kontaktinfo:
Belen Vinuesa Birkenes, Regiondirektør UDI Vest tlf 477 19 765

Arbeidsstad:
Kaigaten 5, 5015 Bergen

Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no