fbpx Medikamentrekning: – Vi ønsker at studentane skal oppnå læringsutbytter i fleire emne Hopp til hovedinnhold

Medikamentrekning: – Vi ønsker at studentane skal oppnå læringsutbytter i fleire emne

Bildet viser et brett med tabletter

– Endringa og omlegginga bygger på eit pedagogisk grunnsyn der vi legg til rette for at studentane får arbeide med temaet gjennom heile utdanningsløpet, seier Kyrkjebø.

 

Viser til artikkelen «Tre skoler dropper krav om null feil i medikament­regning», publisert i Sykepleien 19. januar 2021.

Artikkelen gir ei litt for upresis framstilling av tema. Den svarer óg i liten grad på korleis vi som høgskule no vel å teste desse viktige kunnskapane hos studentane våre. Vi ønsker difor å komme med ei utdjuping og tydeleggjering av saka.

Innfører arbeidskrav

Det er rett at sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet har gått bort i frå ordninga med ein eksamen i medikamentrekning med krav om 100 prosent rett. Dette ut i frå den nye rammeplanen som gir oss utdanningsinstitusjonar større fridom til korleis vi vil testa sjukepleiarstudentane sin kompetanse i legemiddelrekning. 

Vi har innført tre grundige arbeidskrav i medikamentrekning

I staden for ein eksamen, har vi innført tre grundige arbeidskrav i medikamentrekning der kravet er 100 prosent rett for å få bestått emnet. Dette gjer vi på bakgrunn av at studentane våre skal oppnå læringsutbytter knytt til legemiddelrekning i fleire emne gjennom heile utdanninga si.

Pedagogisk grunnsyn

Denne endringa og omlegginga bygger på eit pedagogisk grunnsyn der vi legg til rette for at studentane får arbeide med temaet gjennom heile utdanningsløpet. Studentane får undervisning og trening i medikamentrekning både på campus og no også digitalt.

Dei får trene på ferdigheitene i praksisperiodane under god rettleiing av sjukepleiarar. Studentane våre gjennomfører ein medikamenttest som arbeidskrav/obligatorisk læringsaktivitet før dei går ut i praksisstudia. Det skjer altså tre gonger i løpet av studieløpet; i 1., 2. og 3. studieår.

Vi meiner dette er ei framtidsretta og langt betre ordning som sikrar at studentane våre oppnår gode læringsutbytter gjennom heile utdanninga  ­– og som sikrar god pasienttryggleik.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse